Undervisningsopplegg

Her finn du undervisningsopplegg knytt til ulike tema innanfor tettstadutvikling. Undervisningsopplegga er samansett av korte videoforelesingar, og oppgåver. Videoforelesingane har generell relevans, og kan vere interessante for einkvar. Oppgåvene passar best for høgare utdanning og er utvikla spesielt for utdanningar ved Høgskulen på Vestlandet og Norges miljø- og biovitenskapelige universitet.

Denne videoen gir deg ei rask innføring i undervisningsopplegget:

Marte Lange Vik, Høgskulen på Vestlandet (Foto/video: Idun A. Husabø)


Tema for undervisning:

 

 

— l æ r a r r e t t l e i i n g —

Undervisningsopplegget har ulike delar, utvikla med bakgrunn i Blooms taksonomi, illustrert med trekanten til høgre:

Videoforelesingane bygger på dei to nedste nivåa; Hugse og Forstå. Målet er å forstå temaet som blir presentert, og å kunne svare på enkle spørsmål om temaet.

Oppgåvene bygger på dei to nivåa i midten; Bruke og Analysere. Målet er å bruke kunnskapen ein har om temaet til å analysere eit praktisk døme (case) eller svare på refleksjonsspørsmål om temaet.