Kva skjer med tettstadene våre?

Surround er eit treårig forskingsprosjekt om vilkår for berekraftig tettstadutvikling. Vi kartlegg endra arealbruk over 30 år og analyserer drivarar bak endringane. Prosjektet er finansiert av Forskingsrådet (MILJØFORSK) og blir leidd av Vestlandsforsking.

 
 
 

Aktuelt

Fagtema i Surround

Surround er organisert i fem arbeidspakkar, som inneheld kvar sine fagtema. Desse kan du lese meir om her.

Trondheim aust.jpg

Kva betyr berekraftig tettstadutvikling?

I den første arbeidspakken går vi inn i den faglege debatten om kva berekraftig tettstadutvikling og urbanisering kan innebere.

Både i Norge og i resten av verda går utviklinga i retning av at stadig fleire bur i byar og byliknande strøk. Dette verkar inn på naturmiljø, kulturverdiar og sosiale forhold. Vi går gjennom faglitteraturen om samanhengar mellom urbanisering og berekraftig utvikling, og utarbeider eit rammeverk for studiar av drivarane bak desse prosessane. Vestlandsforsking har ansvaret for denne arbeidspakken.

 
Karljohansvern.jpg

Grønstruktur og kulturmiljø

I den andre arbeidspakken dokumenterer vi endra arealbruk gjennom 30 år i dei områda vi studerer. Vi ser på forholdet mellom utbygde område, grønstruktur (hagar, parkar) og skogsområde. Forvaltninga av kulturmiljø blir også studert.

I prosjeketet studerer vi dei fire casekommunane Horten, Sogndal, Malvik og Trondheim. Dette er dei same kommunane som det vart forska på i prosjektet Natur- og miljøvennlig tettstedsutvikling (NAMIT) i 1988-1992. Arbeidspakke 2 undersøker korleis utviklinga har påverka grønstruktur og kulturmiljø dei siste 30 åra. Ved hjelp av plandokument, flyfoto, historiske bilete og feltarbeid kan landskapsøkologane få eit nyansert bilete av dei endringane som har funne stad i kvart av caseområda. Analysane omfattar ikkje heile kommunen, men illustrerande, handplukka areal i kvar kommune. Det blir gjort meir detaljerte undersøkingar i Sogndal og Horten enn i Malvik og Trondheim.

Sjå eksempel på gjenfotografering av historiske foto her.

Høgskulen på Vestlandet har ansvaret for arbeidspakke 2.

 
Trondheim bystyre - foto Carl-Erik Eriksson.jpg

Kommunale styringsprosessar

Den tredje arbeidspakken tek for seg styringsprosessar i kommunane Sogndal, Horten, Malvik og Trondheim.

Kor berekraftig har den lokale styringa av planlegging vore i dei fire casekommunane, og kva drivkrefter har gjort seg gjeldande? Desse spørsmåla står sentralt i arbeidspakke 3, som består av fire studiar: ein innleiande teoristudie, ein analyse av aktørane som saman har bidrege til å forme politikken i kommunane, ein analyse av korleis arealpolitikken blei sett i verk i kvar av kommunane og til slutt ein analyse av utfallet av arealpolitikken. Både intervju og plandokument er viktige kjelder for doktorgradsstipendiaten ved Vestlandsforsking, som utfører mykje av forskinga i denne arbeidspakken.

 
IMG_20180828_104601.jpg

Forklare endring

Kva kan forklare dei påviste endringane i arealbruk dei siste 30 åra? Den fjerde arbeidspakken handlar om å finne gode svar på funna i prosjektet og involverer alle forskarane på tvers av fag.

Kjernen i denne arbeidspakken er å drøfte faglege forklaringar på endringane i arealbruk i casekommunane. Den tverrfaglege analysedugnaden brukar altså funn frå arbeidspakke 2 og 3 til å utvikle ny, tverrfagleg innsikt. Kunnskapen som kjem ut av dette arbeidet blir viktig for å forstå utviklinga i arealbruk som har funne stad i små og mellomstore tettstader her til lands.

NMBU har ansvaret for denne arbeidspakken.

 
Høgskulebygget_elva.jpg

Undervisning og formidling

Resultata frå forskingsprosjektet kjem framtidige studentar til gode. Den femte arbeidspakken handlar om å ta i bruk den nye kunnskapen i fleire bachelor- og masterprogram, men òg overfor norske kommunar.

I tråd med målet om at studentar skal delta i forskingsprosessar og få utbyte av ny forsking, har Surround-prosjektet sikra at resultata skal flettast inn i eksisterande studium ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) og Norges miljø- og biovitenskaplige universitet (NMBU). Ei bachelorutdanning og tre ulike masterprogram innan fagområda landskapsplanlegging, landskapsarkitektur og klimafag skal innlemme forskingsfunna i læreplanane sine.

Den femte arbeidspakken går òg ut på å formidle viktige funn til dei fire kommunane vi studerer i prosjektet i form av seminar i kvar av kommunane. I tillegg kjem populærvitskapleg formidling. Hovudansvaret for denne arbeidspakken ligg hjå HVL.

 

Partnarar

 

Vestlandsforsking

Vestlandsforsking i Sogndal har prosjektleiinga for Surround, og er i tillegg ansvarleg for studiar av kommunal arealpolitikk.

Kyrre Groven.jpg

Kyrre Groven

Seniorforskar, prosjektleiar og leiar for arbeidspakke 3.

Epost

Personleg nettside

Kyrre Groven er seniorforskar ved Vestlandsforsking, der han forskar på områda lokal klimapolitikk, klimatilpassing, tettstadutvikling og samfunnssikkerheit. Kyrre er miljøhistorikar og har PhD i samfunnsgeografi (NTNU) på temaet klimagovernance i norske kommunar. 

Carlo Aall.jpg

Carlo Aall

Professor, leiar for arbeidspakke 1.

Epost

Personleg nettside

Carlo Aall er seniorforskar ved Vestlandsforsking, der han var forskingsleiar i 2008-2017. Sidan 2016 har han vore professor II i berekraftig utvikling ved HVL. Han er leiar for det nyoppretta Norsk senter for berekraftig klimatilpassing (Noradapt).

Karen Richardsen Moberg.jpg

Karen Richardsen Moberg

Karen Richardsen Moberg ved Vestlandsforsking forskar på området klima og miljø. Ho er stipendiat ved NMBU knytt til arbeidspakke 3 i Surround, der ho forskar på korleis påviste arealbruksendringar kan forklarast.

Idun A. Husabø.jpg

Idun A.

Husabø

Forskar, forskingsformidlar

Epost

Personleg nettside

Idun A. Husabø ved Vestlandsforsking er forskar og forskingsformidlar innan berekraftig klimatilpassing. Ho har ansvar for populærvitskapleg formidling frå Surround.

Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU)

NMBU er representert i Surround gjennom to fagmiljø: Institutt for by- og regionplanlegging og Institutt for landskapsarkitektur. 

Petter Næss.jpg

Petter Næss

Professor, leiar for arbeidspakke 4.

Epost

Personleg nettside

Petter Næss er professor i planlegging i urbane regionar ved Institutt for by- og regionplanlegging på NMBU, og leiar av forskingsgruppe for urban berekraft. Petter har forska mykje på samanhengar mellom bystrukturar og transportatferd, og har dei seinare åra også studert muligheiter og avgrensingar ved økologisk modernisering som strategi for å oppnå berekraftig byutvikling.

Kine Halvorsen Thoren.jpg

Kine Halvorsen Thoren

Kine Halvorsen Thoren er professor ved Institutt for landskapsarkitektur på NMBU, og forskar på fysisk planlegging og arkitektur. Kine var med å introdusere grønstruktur-begrepet i norsk planlegging, og har studert samanhengar mellom fortetting og omfanget av grønstrukturar i byar.

Annegreth Dietze-Schirdewahn.png

Annegreth Dietze- Schirdewahn

Annegreth Dietze-Schirdewahn er professor ved Institutt for landskapsarkitektur ved NMBU. Viktigaste arbeidsområde for Annegreth er historia til hagar og parkar, og historia til landskapsarkitekturen i Norge.

Høgskulen på vestlandet (HVL)

Institutt for miljø- og naturvitskap ved Høgskulen på Vestlandet, Sogndal, er ansvarleg for studiar av endringar i grønstruktur.

Liv Norunn Hamre

Førsteamanuensis, leiar for arbeidspakke 2.

Epost

Personleg nettside

Liv Norunn Hamre er førsteamanuensis ved Institutt for miljø- og naturvitskap, HVL. Ho underviser på bachelorprogrammet i Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur. Ho forskar  på landskapsendringar og menneskeleg påverknad på vegetasjon, primært i det tradisjonelle kulturlandskapet.

Marte Lange Vik.jpg

Marte Lange Vik

Førsteamanuensis. Leiar for arbeidspakke 5.

Epost

Personleg nettside

Marte Lange Vik er førsteamanuensis ved Institutt for miljø- og naturvitskap, HVL. Ho underviser på bachelorprogrammet for Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur, og på masterprogrammet Climate Change Management. Viktigaste faglege interessefelt er medverknad og demokrati i planlegging og forvaltning av landskap.

Inger Auestad.png

Inger Auestad

Førsteamanuensis

Epost

Personleg nettside

Inger Auestad er førsteamanuensis ved Institutt for miljø- og naturvitskap, HVL. Inger underviser på bachelorprogrammet Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur. Ho forskar på samspel mellom menneske og natur i urbane økosystem, og på restaurering av kulturmark og fjellvegetasjon.

Leif Hauge.jpg

Leif Hauge

Førsteamanuensis

Epost

Personleg nettside

Leif Hauge er førsteamanuensis ved Institutt for miljø- og naturvitskap. Han underviser i kulturlandskaps- og kulturminnefag på bachelorprogrammet i Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur, og driv med visuell dokumentasjon (foto) av det tradisjonelle kulturlandskapet.

Arkitektkontoret 4b

Heidi-Kathrin Osland.jpg

Heidi-Kathrin Osland

Heidi-Kathrin Osland er sivilarkitekt og dagleg leiar for Arkitektkontoret 4B i Sogndal. Ho har spesialkompetanse på kulturminnefeltet, med oppdrag for Riksantikvaren og Fortidsminneforeningen. Ho har dessutan lang erfaring frå planfeltet i Sogndal.

university of tartu

University of Tartu i Estland bidreg til Surround med ekspertise innanfor landskapsøkologi.

Aveliina Helm.jpg

Aveliina Helm

Aveliina Helm er seniorforskar ved Botanisk institutt (Macroecology group) på University of Tartu i Estland. Ho forskar på landskapsendringar og effektar på biologisk mangfald, med fokus på tradisjonelt kulturlandskap. Aveliina er ein av bidragsytarane til Naturpanelet (IPBES) sin første rapport om naturtilstanden i verda.

Tsipe Aavik.jpg

Tsipe Aavik

Tsipe Aavik er seniorforskar ved Botanisk institutt (Macroecology group) på University of Tartu i Estland. Tsipe forskar på effektar av habitatfragmentering på artsmangfald i jordbrukslandskapet, både på arts- og gennivå. 

Aalto university

Raine_Maentysalo.jpg

Raine Mäntysalo

Raine Mäntysalo er professor i strategisk byplanlegging ved Department of Built Environment, Aalto University i Finland. Han er også tilknytt Oulu University, der han underviser i planteori og kommunikativ planlegging. Raine publiserer artiklar om strategi, omgrepet ‘trading zones’, demokrati og makt i arealplanlegginga.

Kontaktinformasjon

Kyrre Groven (prosjektleiar)

Vestlandsforsking
Postboks 163 
6851 Sogndal

(+47) 991 27 344
kgr@vestforsk.no