Undervisningsopplegg:
Arealendringar


Lær om fleirfunksjonelle område og økosystemtjenester gjennom ein kort introduksjonsvideo etterfulgt av eit gruppearbeid, der studentane skal sjå på gamle og nyere bilete og svare på spørsmål om endringar i grøntområde og økosystemtjenester. Det heile avsluttes med ein diskusjon i plenum.


Relevante fagområde:

Nødvendige forkunnskapAR:

Tidsbruk:

Arealplanlegging, landskapsarkitektur, naturforvaltning

Grunnleggende trening i å analysere grøntområde og/eller arealplanlegging

45 minutt x 2
(Evnt. 45 x 3 ved store grupper)




— L Æ R I N G S U T B Y T T E —

  • Få grunnleggande forståing av fleirfunksjonelle område og økosystemtjeneste


— u n d e r v i s n i n g s o p p l e g g —

Del 1: Grunnleggande forståing av fleirfunksjonelle område

ESTIMERT TIDSBRUK: 10 MIN VIDEO + 20 MIN SVAR + 15 MIN FELLES DISKUSJON

1. Sjå introduksjonsvideoen om fleirfunksjonelle område her

2. Svar på spørsmåla i grupper:

a) Kva funksjonar kan ulike urbane område ha?

b) Kva funksjonar blir vektlagde i norsk planlegging


Del 2: Refleksjonspørsmål i grupper

ESTIMERT TIDSBRUK: 45 min

Ta utgangspunkt i eitt eller fleire av følgande bildepar:

  • Sogndal frå vest

  • Sogndal frå sør

  • Sogndal sentrum frå nord-aust

1. Kva endringar i grøntområde finn du i bildeparet? Bruk lista under som inspirasjon. Finn du andre typar endringar

  • Gjengroing av dyrka mark/beitemark

  • Bygging på grøne område

  • Frå skog til dyrka mark/beitemark

  • Frå frukthage til dyrka mark/beitemark

2. Samanlikne endringane dine med kartet (spesifiser kva kart)

3. Bruk oversikta over ulike urbane økosystemtenester nedanfor til å diskutere kva økosystemtenester dei ulike grøntområda bidrar til.

4. Korleis har endringa i grøntområde påverka økosystemtenestene frå grøntområda i Sogndal?

5. Kva økosystemtenester forsterkar kvarandre? Er det nokon økosystemtenester som står i konflikt med kvarandre?

— S p ø r s m å l t i l d i s k u s j o n —

  • Er det samsvar mellom det denne gruppa presenterer og det de har snakka om i dykkar gruppe?

  • Kva er eventuelt forskjellig?

  • Er det mogleg å finne ei forklaring på kvifor de har forskjellige resultat og refleksjonar?


— L æ r e r v e i l e d n i n g —

Undervisningsopplegget er delt i to delar. Delane kan jobbast med som eit helskapleg opplegg, eller kvar for seg.

Kven passar oppgåva for?

Studentar som har trening i å analysere grøntområde og/eller planlegging. Avhengig av innretting kan oppgåva eigne seg for bachelorstudentar i planlegging/landskapsarkitektur/naturforvalting som er på slutten av sin grad, eller eventuelt for masterstudentar som ikkje har grunnutdanning i planlegging/landskapsarkitektur/naturforvalting, men der slike fag inngår på masternivå.

Forslag til opplegg og tidsdisponering til del 2:

Ved fleire grupper, kan bildepara fordelast. Det kan vere spennande om to og to grupper arbeider med same bildepar, slik at dei kan samanlikne resultata og refleksjonane med kvarandre

Gruppene vil truleg trenge om lag ein skuletime (45 minutt) på å få presentert oppgåvesettet, og arbeide seg gjennom spørsmåla.

Dei kan også få i oppgåva å førebu ein kort presentasjon for å dele funn og refleksjonar med klassen. Neste skuletime kan då gruppene presentere, og kommentere på kvarandre sine arbeid. Dersom det er for mange i klassen til at dette blir mogleg å gjennomføre, kan ein gjere alternativet under.

Alternativt kan to og to (eller fleire) grupper som har arbeidd med same område gå saman og diskutere med kvarandre og samanlikne resultat og refleksjonar.

Tips til del 2, spørsmål 5:

Eventuelt kan ein legge til eller byte ut med meir tematiske spørsmål, som knytast meir konkret til læringsmåla for kvart spesifikke emne. T.d. Kva økosystemtenester er viktige for klimatilpassing? Kan vi finne fellestrekk som kjenneteiknar grøntområde som er viktige for klimatilpassing?


L i t t e r a t u r f r å s u r r o u n d :

  • Groven, K., Hamre, L. N., Moberg, K. R., & Selseng, T. (2021). Fortetting og byspreiing: Praksis og haldningar gjennom tretti år i fire norske kommunar. I L. Longvanes, E. Bjørhusdal, J. Fossøy, D. Sekkingstad, & T. Årethun (Red.), Stadutvikling (s. 81–100). Universitetsforlaget. https://doi.org/10.18261/9788215053349-2021-05 ​

  • Vik, M., Hamre, L.N., Groven, K., Gamme, E.H., Stokstad, H. & Hauge, L. (2021) Globale miljømål og gode nærmiljø – kan dei verke saman? Ein diskusjon av berekraftig tettstadutvikling i Sogndal. I Longvanes, L., Bjørhusdal, E., Fossøy, J., Sekkingstad, D. & Årethun, T. (red.) Stadutvikling. Fjordantologien 2021. Oslo: Universitetsforlaget. https://doi.org/10.18261/9788215053349-2021-02 ​

A n n a l i t t e r a t u r :

  • Hanssen, G. S., Hofstad, H., Saglie, I.-L., Næss, P., & Røe, P.G. (2015). Hvorfor studere den kompakte byen. I G. S. Hanssen, H. Hofstad, & I. L. Saglie (Red.), Kompakt byutvikling. Muligheter og utfordringer (s. 13–25). Universitetsforlaget.