Kartlegging av insektlivet i Sogndalsfjøra

Førsteamanuensis Mark Gillespie demonstrerer bruken av insektfeller for studentar ved Høgskulen på Vestlandet. Foto: Kyrre Groven.

Førsteamanuensis Mark Gillespie demonstrerer bruken av insektfeller for studentar ved Høgskulen på Vestlandet. Foto: Kyrre Groven.

25 ferske studentar ved bachelorstudiet Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur på HVL står samla under eit gammalt pæretre i sentrumsparken i Sogndal, i det som tidlegare var ein privat hage. Insektforskar Mark Gillespie hektar ned ei fargerik insektfelle frå ei grein og forklarer korleis denne kan gje kunnskap om insektmangfaldet i tettstaden. Dette er starten på eit nytt undervisningstilbod som spring ut frå MILJØFORSK-prosjektet Surround.

- Det er dessverre vanskeleg å telje og artsbestemme insekt utan å ta livet av dei, så desse stakkarane døyr for ei større sak, seier Mark Gillespie. Han er førsteamanuensis på Institutt for miljø- og naturvitskap ved Høgskulen på Vestlandet. På avstand trur flygande insekt at dei gule og blå fellene er blomster, og set kursen dit i håp om å finne nektar. Før fluga får summa seg har ho kollidert og ramla ned i den væskefylte tanken, forklarer Mark. - For å få kartlagt fleire typar insekt, kan vi slå greinene med ein stokk og samle opp det som dryssar ned i ein paraply som vi vender opp ned. I tillegg kan vi grave ned fallfeller på bakken, seier han.

Studentane Johanne Hovland og Amalie Svendsen samlar saman insektfeller frå eit lindetre i Fjøregata i Sogndal. Foto: Kyrre Groven.

Studentane Johanne Hovland og Amalie Svendsen samlar saman insektfeller frå eit lindetre i Fjøregata i Sogndal. Foto: Kyrre Groven.

Mark er rettleiar for tredjeårs-studentane Amalie Svendsen og Johannes Nyborg, som i sommar har fanga insekt ved eit tjuetals tre rundt om i Sogndal sentrum. Dei registrerer også kva som finst av annan vegetasjon i 10 og 20 meters omkrets rundt kvart tre, for å kunne avdekke samanhengar mellom grønstruktur og insektliv. I dag skal Amalie og Johannes samle inn fellene for siste gong, og har med seg førsteårs-studentar til å hjelpe seg. Etterpå reiser alle til laboratoriet på høgskulen for å lære dei viktigaste kjenneteikna ved ulike insekttypar.

Taksonomi for nybegynnarar: Karminder Badhwar og Martin Granheim får opplæring av Amalie Svendsen i å bruke ein enkel nøkkel for å plassere insektfunna i rett gruppe. Foto: Kyrre Groven.

Taksonomi for nybegynnarar: Karminder Badhwar og Martin Granheim får opplæring av Amalie Svendsen i å bruke ein enkel nøkkel for å plassere insektfunna i rett gruppe. Foto: Kyrre Groven.

Førsteamanuensis Inger Auestad er mangeårig emneansvarleg for grunnkurs i botanikk, og dessutan med i prosjektstaben i Surround. Ho seier at det er gjennom dette prosjektet ho fekk ideen til å innlemme insektøkologi som ein del av botanikkundervisninga, og at Surround har bidratt til å få tilbodet på plass ved å gå til innkjøp av insektfeller.

- Eit av formåla med Surround er å bidra til at kunnskap om berekraftig urbanisering blir formidla til studentane ved utdanningsinstitusjonane som deltar i prosjektet. I Surround ser vi på utviklinga av grønstrukturen i nokre utvalde tettstader, og biologisk mangfald er ein av berekraftindikatorane vi er opptatt av. Ved hjelp av dyktige studentar får vi hjelp til å seie noko meir kvalifisert om korleis forekomst og utforming av grønstruktur kan påverke insektlivet. Og for ferske botanikkstudentar er dette ei fin innføring i korleis flora og fauna heng i hop, og at tettstadutforminga kan påverke det biologiske mangfaldet, seier Inger Auestad.

Kyrre Groven