Bachelorstudentar med viktige bidrag til Surround

4. juni var det avslutningsfest for avgangsstudentane ved bachelorstudiet Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur på Høgskulen på Vestlandet i Sogndal. Fem av studentane hadde dagen før levert to bacheloroppgåver som er utført innanfor rammene av Surround.

Dei fem studentane ved HVL som har levert bacheloroppgåver med utgangspunkt i Surround, frå venstre Maria Spangen, Hilde Skadal, Amanda Engeberg Andersen, Emma Haugen Gamme og Henning Stokstad. Prosjektleiar Kyrre Groven overrekte gratulasjonar og takka studentane for stor innsats. Foto: Inger Auestad.

Amanda Engeberg Andersen, Hilde Skadal og Maria Spangen har kartlagt arealbruksendringar i og rundt dei tre tettstadene Sogndalsfjøra, Kjørnes og Kaupanger i Sogndal kommune. Det har dei gjort ved GIS-analysar av gamle og nye flyfoto. Emma Haugen Gamme og Henning Stokstad har gjort detaljerte analysar av utviklinga av grønstrukturar i Sogndal sentrum gjennom 30 år. Dei har nytta kart som prof. emerita Ingvild Austad laga i 1988 som del av NAMIT-prosjektet.

I samband med avslutningsfesten overrekte prosjektleiar Kyrre Groven ei symbolsk gåve til kvar av studentane: Ei flaske økologisk eple-/pærejus produsert på Fimreite, ei av grendene i fruktbygda Sogndal.

Kyrre Groven