- Vi sit på forskingsresultat som mange kommunar kan ha nytte av i samfunnsplanlegginga

Tre år med forskingssamarbeid i Surround-prosjektet nærmar seg slutten. For å oppsummere og dele forskingsfunn med kommunar og andre interesserte, arrangerer Vestlandsforsking ein open sluttkonferanse i Sogndal.

Kva som skjer med tettstadene har mykje å seie for om vi skal klare å omstille oss til ei berekraftig utvikling. Det er i og rundt tettstadene dei største arealbruksendringane skjer, ofte i jordbruksområde eller artsrike naturområde. I dag bur åtte av ti nordmenn i tettstader, som omfattar alt frå hussamlingar med nokre få hundre innbyggarar til dei største byane. Eit stort fleirtal av dei knapt 1000 tettstadene i Noreg veks, både i areal og folketal. Kva følgjer får denne utviklinga for natur, matjord, kulturminne og alt som gir grobotn for trivsel og identitet?

Har følgt utviklinga over 30 år

Seniorforskar Kyrre Groven har leidd forskingsprosjektet “Vilkår for berekraftig tettstadutvikling” med kortnamnet Surround. Saman med forskarar frå Høgskulen på Vestlandet og NMBU har han og kollegaene undersøkt korleis tettstadene Sogndal, Horten, Malvik og Trondheim har utvikla seg dei siste tretti åra. Samanlikningsgrunnlaget er eit stort forskingsmateriale frå prosjektet “Natur- og miljøvennlig tettstedsutvikling” (NAMIT), som tidleg i 1990-åra undersøkte situasjonen i dei same tettstadene.

Eit slikt tilbakeblikk kan hjelpe oss å oppdage kva som skal til for å skape berekraftige tettstader, seier Groven. 

Inviterer til debatt om arealbruk

Funna i prosjektet skal leggast fram på ein sluttkonferanse i Sogndal i haust. Programmet går over to dagar, 26. og 27. september, og dekker tema som endring i arealbruk gjennom fortetting og byspreiing, grøne urbane område og varetaking av kulturhistorie.

I tillegg til å formidle forskingsfunn, vil vi på første dag av konferansen invitere til debatt om arealbruken i og rundt norske tettstader, seier Groven. - Kva lærdommar kan vi trekke frå tettstadutviklinga dei siste tretti åra? Kor godt har vi klart å bremse arealbruken ved å bygge meir kompakte byar og tettstader? Og kva verdiar står på spel om fortettinga ikkje skjer med kvalitet? Dette er spørsmål som vart diskutert også i 1990, og som truleg er enda meir presserande i dag.

Konferansen eignar seg godt for alle som er opptekne av lokal samfunnsutvikling, tettstader og berekraft, og vi tek imot deltakarar så langt plassen rekk, seier Groven. 

Sjå programmet for konferansen

Meld deg på konferansen her

Idun Husabø