Avisinnlegg om tre i tettstader

Eit gamalt pæretre av sorten bergamott i blomst i  Sogndal sin sentrumspark. I bakgrunnen ser ein Gravensteinsgata, oppkalla etter ein eplesort. Frukttrea er dessverre på vikande front, som Surround har dokumentert. Foto: Kyrre Groven

“Kva skal me med tre i sentrum?”, spør Inger Auestad ved Høgskulen på Vestlandet retorisk i eit innlegg publisert i Sogn Avis i samband med Forskingsdagane 2021.

Innlegget vart publisert i ei eiga forskingsspalte i Sogn Avis 25. september og på Forskning.no-bloggen Vill vest, der Auestad er ein fast bidragsytar.

Auestad tek opp kor viktig det er å ta vare på trea i tettbygde område og bysentrum, ikkje minst fordi trea betyr så mykje for det biologiske mangfaldet i tettstadene våre. Det yrande livet i trekronene vart nyleg dokumentert av studentar ved HVL.

Trea spelar òg ei viktig rolle når det gjeld å skape skugge på varme dagar og ta unna vatn når det regnar mykje.

Ikkje minst skapar dei trivsel.

Les innlegget her

Faksimile frå Sogn Avis laurdag 25. september 2021.

Faksimile frå Sogn Avis laurdag 25. september 2021.

Idun Husabø