Ordførar fekk ferske analyseresultat

Ordførar i Sogndal, Arnstein Menes (t.v.) i møte med forskarane Karen R. Moberg, Eivind Brendehaug, Kyrre Groven og Anders-Johan Almås (direktør på Vestlandsforsking). Foto: Idun A. Husabø

Ordførar i Sogndal, Arnstein Menes (t.v.) i møte med forskarane Karen R. Moberg, Eivind Brendehaug, Kyrre Groven og Anders-Johan Almås (direktør på Vestlandsforsking). Foto: Idun A. Husabø

På sitt første offisielle besøk ved Vestlandsforsking fekk ordførar Arnstein Menes (SP) i nye Sogndal kommune orientering om ferske analysar frå spørjeundersøkinga i Surround-kommunane, og om den trettiårige forskingstradisjonen som prosjektet er ein del av.

Då ordføraren stakk innom, var stipendiat Karen Richardsen Moberg akkurat i gang med å analysere svar på ei spørjeundersøking ho har fått inn frå folkevalde og adminstrativt tilsette i deltakarkommunane. Stipendiaten kunne dele ferske resultat med ordføraren: Dei som deltok er generelt meir urolege for miljøproblem knytt til arealbruken i dag, samanlikna med dei som svarte på same spørsmålet for 30 år sidan. 

– Dette er ferskvare – desse tala såg eg for første gong i dag tidleg, understreka Kyrre Groven, som leier prosjektet. Han understreka òg kor viktig det er å ha ein vertskommune der nøkkelpersonar i forvaltning og politikk stiller opp når forskarane treng intervju, noko Sogndal har tradisjon for å gjere.

Idun Husabø