Bestill ein forskar!

Desse forskarane, Kyrre Groven og Gilda Seddighi ved Vestlandsforsking, stiller opp på foredrag under Forskingsdagane 2020. Foto: Idun A. Husabø

Desse forskarane, Kyrre Groven og Gilda Seddighi ved Vestlandsforsking, stiller opp på foredrag under Forskingsdagane 2020. Foto: Idun A. Husabø

Som del av Forskingsdagane 2020 går Vestlandsforsking ut og tilbyr gratis føredrag om aktuelle tema. Berekraftig tettstadutvikling og førebygging av problemspeling blant barn og ungdom står på plakaten i år.

På kommunehuset

Samfunnsplanleggaren i Sogndal kommune var først ut med å bestille føredrag. Med mange nye tilsette, såg Sigrid Ølmheim det som eit godt høve til å få innblikk i relevant forsking. 1. oktober var prosjektleiar Kyrre Groven på kommunehuset i Sogndal for å snakke til dei ti frammøtte om korleis Sogndal sentrum har endra seg dei siste 30 åra.

Dei administrativt tilsette som deltok, jobbar med plan, oppmåling og byggjesak i Sogndal kommune. I tillegg kom det to politikarar frå plan- og forvaltingsutvalet.

- Resultata frå Surround er interessante for kommunen i arbeidet med ny samfunnsplan, seier Sigrid Ølmheim (ikkje med på biletet).

Ti personar høyrde på Kyrre Groven då han vitja Sogndal kommunehus på bestilling frå samfunnplanleggar Sigrid Ølmheim. Dei administrativt tilsette jobar med plan, oppmåling og byggjesak. I tillegg kom det to politikarar frå plan- og forvaltingsutval…

Ti personar høyrde på Kyrre Groven då han vitja Sogndal kommunehus på bestilling frå samfunnplanleggar Sigrid Ølmheim. Dei administrativt tilsette jobar med plan, oppmåling og byggjesak. I tillegg kom det to politikarar frå plan- og forvaltingsutvalet. Sigrid Ølmheim måtte gå før biletet vart teke. Foto: Kyrre Groven

Kyrre Groven