Trondheim_aust.jpg
 

Om Surround

Når ein tettstad veks og utviklar seg, kan veksten ta ulike retningar. Om ein seinare ser tilbake på utviklinga staden har hatt, kan ein peike på endringar som har vore meir eller mindre heldige for innbyggjarar, landskap og miljø. Eit slikt tilbakeblikk kan hjelpe oss å oppdage kva som skal til for å skape berekraftige tettstader. Dette er kjernen i forskingsprosjektet Surround. Bildet over viser eit av studieområda, austre delar av Trondheim og Malvik (i bakgrunnen).

Treårig forskingsprosjekt

Surround er eit forskingsprosjekt som tar for seg eit utval norske tettstader og studerer korleis desse har utvikla seg dei siste tiåra. Prosjektet er finansiert av MILJØFORSK-programmet til Noregs forskingsråd, og går over tre år, frå 2018 til 2020. Prosjektet har seks partnarar i inn- og utland, med prosjektleiar Vestlandsforsking, Høgskulen på Vestlandet (HVL) og Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU) som dei mest sentrale.

små og mellomstore tettstader

Surround er eit kortnamn, og står for Sustainable urbanisation requirements of small and medium-sized urban settlements and their surroundings. Forsking på urbanisering og berekraft har helst fokusert på større byar (0,5–1 mill. innbyggarar og større), men dette prosjektet tar for seg dei små og mellomstore tettstadene (8.000–200.000 innbyggarar) som det finst mange av i Norge. Kunnskapen som kjem ut av prosjektet har difor relevans for dei fleste norske kommunar.

Tilbakeblikk på 30 år

Lenge fekk byar og tettstader spreie seg utover på ein lite planmessig måte. Mange stader har dette ført til tap av matjord og bynære naturområde, og til unødig mykje transport. På 1980-talet vart fortetting lansert som ein motstrategi, mellom anna av forskingsprosjektet Natur- og miljøvennlig tettstedsutvikling (NAMIT). Materialet som vart forska fram i dette prosjektet dannar utgangspunktet for Surround (sjå faktaboks nedanfor).

 
 
Sogndal_gjenfotografering.jpg

NAMIT

Forskingsprosjektet Natur- og miljøvennlig tettstedsutvikling eller NAMIT (1988-1992) vart leidd av Petter Næss ved Norges miljø- og biovitenskapelige universitet, som også er med i Surround.

NAMIT gjekk ut på å studere kommunane Sogndal, Borre (dagens Horten), Malvik og Trondheim med tanke på berekraftig tettstadutvikling. Det rikhaldige materialet frå prosjektet utgjer eit viktig samanlikningsgrunnlag for Surround.

Fotografia til høgre viser tettstaden Sogndalsfjøra rundt 1990 (over) og i 2018. Foto: Ingvild Austad (1990) og Leif Hauge (2018).

 


Tverrfagleg og internasjonalt

Surround er eit tverrfagleg prosjekt med forskarar frå naturvitskaplege, samfunnsvitskaplege og kulturfaglege forskingsmiljø. Prosjektarbeidet blir i hovudsak utført av forskarar frå tre institusjonar: Vestlandsforsking, Høgskulen på Vestlandet (HVL) og Norges miljø- og biovitenskapelige universitet (NMBU). I tillegg deltar Arkitektkontoret 4B i Sogndal. To utanlandske fagmiljø er også med i prosjektet: Institute of Ecology and Earth Sciences, University of Tartu (Estland) og Department of Built Environment, Aalto University (Finland).

 

FEM fagtema

Prosjektarbeidet i Surround kan delast inn i fem fagtema:

  1.      sentralisering og urbanisering

  2. grønstruktur og kulturmiljø

  3.      kommunal arealpolitikk

  4.      forklaring på arealbruksendring

  5.      utdanning og formidling