Forskingsdagane i Sogndal

På Forskingstorget laurdag 28.september kunne nyfikne studere insekt i mikroskop på Surround-prosjektet sin stand og prøve å artsbestemme dei ved hjelp av ein enkel nøkkel. Insekta i framgrunnen er typiske for urban grøntstruktur. Sommaren 2019 saml…

På Forskingstorget laurdag 28.september kunne nyfikne studere insekt i mikroskop på Surround-prosjektet sin stand og prøve å artsbestemme dei ved hjelp av ein enkel nøkkel. Insekta i framgrunnen er typiske for urban grøntstruktur. Sommaren 2019 samla studentar ved HVL insekt ved hjelp av feller i Sogndalsfjøra som eit ledd i kartlegginga av tettstaden si utvikling dei siste tiåra.

Under Forskingsdagane 2019 la Surround-prosjektet vekt på å dele ny innsikt om grøntstrukturar i Sogndal sentrum, gjenfotografering og insektkartlegging. Lokalt fekk mange høyre om forskinga via Forskingstorget på Sogndals største kjøpesenter, i lokalavisa og under to arrangement på Fosshaugane Campus.

Sjå bileta frå Forskingsdagane 2019 nedanfor:

Les Sogn Avis si sak om Surround frå 26. september 2019 her.

Du kan òg studere forskingsposterane eller plakatane våre: “Grønstrukturen i Sogndal er i endring” og “Hjelp oss å sjå kven som bur i trea i Sogndalsfjøra!”.

Den første plakaten fortel korleis gjenfotografering kan bidra med viktig innsikt i tettstaders endring over tid når det gjeld hagar og parkar sin andel av det samla arealet. Den andre plakaten tek for seg insekta sin plass i tettbygde strøk, som Sogndalsfjøra, og viser korleis forskarar og studentar ved Høgskulen på Vestlandet har gått fram for å undersøke insektlivet i Sogndalsfjøra sommaren 2019.

Sjå videoen der Inger Auestad ved HVL presenterer forskinga si på grøntstruktur i Surround på 5 minutt:

Idun Husabø