Pris for beste artikkel til Surround

Karen Richardsen Moberg, Liv Norunn Hamre, Kyrre Groven og Torbjørn Selsen har fått pris for beste artikkel i Fjordantologien 2021.

Karen Richardsen Moberg, Liv Norunn Hamre, Kyrre Groven og Torbjørn Selseng har fått pris for beste artikkel i Fjordantologien 2021.

Fire forskarar frå Vestlandsforsking og Høgskulen på Vestlandet fekk 17. juni prisen for beste vitskaplege artikkel i Fjordantologien 2021. Dette er ein av to artiklar i antologien som formidlar funn frå Surround.

Prisen, som er ei pengegåve gitt av Sparebanken Møre, går til artikkelen Fortetting og byspreiing: praksis og handlingar gjennom tretti år i fire norske kommunar. Forfattarane av artikkelen er Kyrre Groven, Liv Norunn Hamre (HVL), Karen Richardsen Moberg og Torbjørn Selseng. Dei tre første er aktive i Surround.

Forskarane har sett på arealbruken rundt 1990 og rundt 2020 og analysert endringstrekka over denne 30-årsperioden. Dei ser på kva som driv utviklinga på kvar stad og skapar ei bestemt utvikling i arealbruken.

Sogndal har est mest ut

- Vi ser på kor mykje verdifullt areal ein har tillate seg å byggje ut kvart år. Eit litt overraskande funn er at Sogndal peikar seg negativt ut fordi tettstaden har est mest ut av dei vi har studert, seier prosjektleiar i Surround, Kyrre Groven.

Forskinga viste at Sogndal har lagt beslag på dobbelt så mykje naturareal og jordbruksareal i høve til veksten i folketal dei siste 30 åra. Det vil seie at tettstaden Sogndal har hatt ei mindre berekraftig utvikling enn dei andre tettstadene prosjektet studerer.

interesse frå media i sogn

I samband med pristildelinga vart to av artikkelforfattarane, Kyrre Groven og Liv Norunn Hamre, intervjua i Sogn Avis 27. juni 2021. Mykje av intervjuet dreier seg om det høge arealforbruket per nye innbyggar i Sogndal i høve til dei tre andre kommunane.

I same nummer av Sogn Avis hadde Groven og Hamre dessutan ein kronikk med tittelen Tretti år med lite effektiv arealbruk i Sogndal.

nærmiljø og berekraft

Den andre Surround-artikkelen, som står som kapittel 2 i Fjordantologien 2021, har tittelen Globale miljømål og gode nærmiljø - kan dei verke saman? Marte Lange Vik ved Høgskulen på Vestlandet er førsteforfattar av denne artikkelen. Her blir tretti års utvikling i tettstaden Sogndal sett under lupa, og diskutert i lys av berekraftmål om biologisk mangfald, friluftsliv og rekreasjon, og landskap og kulturverdiar.

Les Vestlandsforsking si omtale av pristildelinga

Fjordantologien 2021, der dei to Surround-artiklane står på trykk som kapittel 2 og 5, er gratis tilgjengeleg på Stadutvikling (universitetsforlaget.no).

Fjordantologien 2021, der dei to Surround-artiklane står på trykk som kapittel 2 og 5, er gratis tilgjengeleg på Stadutvikling (universitetsforlaget.no).

Kyrre Groven