Ny artikkel om drivkrefter bak tettstadutvikling

Biletet over er frå Horten, ein av tettstadene som er analyserte i artikkelen. (Foto: Inger Auestad)

På tampen av 2021 publiserte professor emeritus Petter Næss og stipendiat Karen Richardsen Moberg ein ny vitskapleg artikkel i Nordic Journal of Urban Studies. Dette er den tredje vitskaplege artikkelen som spring ut av Surround-prosjektet.

Artikkelen har tittelen «Change processes and driving forces behind spatial development in four Norwegian municipalities», og byggjer på studiar av demografiske faktorar, arealbruk per person og administrative og politiske avgjerdsprosessar i fire norske tettstader.

Stipendiat og forskar ved Vestlandsforsking, Karen Richardsen Moberg (Foto: Tore F. Lie)

Ein del av empirien stammar frå «tvillingprosjekta» NAMIT og Surround, som ligg om lag 30 år frå kvarandre i tid, men som begge tek for seg tettstadutvikling i Sogndal, Horten, Malvik og Trondheim aust. Andre data stammar frå ei spørjeundersøking sendt til avgjerdstakarar knytt til dei fire kommunane, i tillegg til intervju og dokumentstudiar. Det siste er ein del av doktorgradsarbeidet til Karen Richardsen Moberg, som i 2022 skal levere ph.d.-arbeidet sitt ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet (NMBU).

Meir positive til miljø

Eitt av funna i artikkelen er at dei som tok dei viktige avgjerdene knytt til arealplanlegging i 2020, var meir positive til tiltak som gagnar miljø og klima, enn det avgjerdstakarane var i 1991. Å fortette og gjere tettstadene meir kompakte er eit ideal som har fått betre fotfeste sidan byrjinga av 1990-åra. Sjølv om tett og kompakt tettstadsutvikling på papiret har fått større oppslutning blant avgjerdstakarar, finn forfattarane likevel at arealbruken for bygningar per person i studiekommunane har auka sidan 1990-talet. Det heng saman med at talet på personar per hushald har gått ned, samtidig som bygningane i snitt er blitt større.

Professor emeritus Petter Næss ved NMBU (Foto: privat)

Ein viss miljøpåverknad får ein likevel, sjølv om mykje av utflytinga av tettstadene har bremsa opp og trass i at gode arealbruksprinsipp vunne meir støtte. Ønsket om vekst gjer at ein kanskje ikkje har lagt stor nok vekt på tiltak som fremmar miljøet i tettstaden.

Farvel til vekst

Skal vi verkeleg ta tak i klimakrisa og den parallelle naturkrisa, krev det andre strategiar frå avgjerdstakarane, hevdar artikkelforfattarane. I artikkelen etterlyser dei absolutte grenser for materiell vekst og utbygging av nytt areal. Berre slik kan ein verkeleg få bukt med klima- og naturkrisene, både i tettstader og større byar, skriv Næss og Moberg.

 

Artikkelen finn du her (open tilgang): Change processes and driving forces behind urban spatial development in four Norwegian municipalities (idunn.no)

Idun Husabø