Bachelorstudentar med viktige bidrag til Surround

4. juni var det avslutningsfest for avgangsstudentane ved bachelorstudiet Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur på Høgskulen på Vestlandet i Sogndal. Fem av studentane hadde dagen før levert to bacheloroppgåver som er utført innanfor rammene av Surround.

Dei fem studentane ved HVL som har levert bacheloroppgåver med utgangspunkt i Surround, frå venstre Maria Spangen, Hilde Skadal, Amanda Engeberg Andersen, Emma Haugen Gamme og Henning Stokstad. Prosjektleiar Kyrre Groven overrekte gratulasjonar og t…

Dei fem studentane ved HVL som har levert bacheloroppgåver med utgangspunkt i Surround, frå venstre Maria Spangen, Hilde Skadal, Amanda Engeberg Andersen, Emma Haugen Gamme og Henning Stokstad. Prosjektleiar Kyrre Groven overrekte gratulasjonar og takka studentane for stor innsats. Foto: Inger Auestad.

Amanda Engeberg Andersen, Hilde Skadal og Maria Spangen har kartlagt arealbruksendringar i og rundt dei tre tettstadene Sogndalsfjøra, Kjørnes og Kaupanger i Sogndal kommune. Det har dei gjort ved GIS-analysar av gamle og nye flyfoto. Emma Haugen Gamme og Henning Stokstad har gjort detaljerte analysar av utviklinga av grønstrukturar i Sogndal sentrum gjennom 30 år. Dei har nytta kart som prof. emerita Ingvild Austad laga i 1988 som del av NAMIT-prosjektet.

I samband med avslutningsfesten overrekte prosjektleiar Kyrre Groven ei symbolsk gåve til kvar av studentane: Ei flaske økologisk eple-/pærejus produsert på Fimreite, ei av grendene i fruktbygda Sogndal.

Kyrre Groven