Gjenfotografering av historiske bilde

Gamle foto er ei nyttig kjelde for å kartlegge endringar av landskap og arealbruk. I Surround leitar vi fram foto frå nokre tiår tilbake, og gjenfotograferer desse frå same posisjon og med same bildeutsnitt som originalen. Her er nokre eksempel frå Sogndal sentrum, der foto tatt av Ingvild Austad i 1983 er gjenfotografert av Leif Hauge i 2019. Klikk på bildepara under for å sjå dei i full storleik.